Under kan du lese om korleis me har gått fram med å digitalisere videosamlinga i Lilllestrømbibliotekene. Det blir litt teknisk, så om du er meir interessert i å sjå resultata må du gjerne ta turen til Fetsund 20. og Frogner 27. januar! Prosjektet er gjort mogeleg av Nasjonalbiblioteket.
Eit lokalhistorisk skattkammer
I arbeidet med å lage ei digital lokalhistorisk utstilling blei det aktuelt å skaffe levande bilete som dokumenterte historia frå nærområdet. Dette visste me at fanst, for eksempel i form av den segnomsuste «Skedsmo-filmen» frå 1972. Denne var tilgjengeleg på nett, men berre i form av eit 15(!) år gamalt YouTube-klipp med ein skuffande låg kvalitet (240p? Fysj og fy!).
Nasjonalbiblioteket vart kontakta. Kanskje hadde nokon skjenka dei den originale 35mm-filmen ein gang i tida? Diverre var svaret at denne ikkje var å finne i registeret. Men bakarst på eit lager på Strømmen bibliotek viste det seg å liggje ein haug av gamle VHS-kassettar som hadde blitt berga under ei opprydding av ein samvitsfull kollega. Jackpot! Her var jo både Skedsmo-filmen og mykje meir attåt. Dette måtte me jo kunne få gjort noko med!

Etter kvart tikka det og inn ei melding frå kulturavdelinga på Rådhuset. Her var det og masse videomateriale på lager. Fetsund lenser hadde òg et vell av gamle VHS-kassettar, som var ærbødig lånt inn i bytte mot produksjon av digitale tryggingskopiar. Med ei etter kvart solid samling med kassettar var det berre å setje i gang med å få det digitalisert, helst for eigen maskin.
La oss nerde litt!
Første utfordring var å finne maskinvare til å i det heile tatt kunne spele av kassettane. Den gamle familiemaskinen heimefrå var ustabil og gav opp etter ei halv syning av eit lokalrevy-opptak frå 1998. Det same skjebnen leid ein spelar som vart grove fram inst på loftet på Rennesøy kulturhus. Hoarder- tendensane til kollega Ragnhild Malfang vart redninga, då ho vakker dag i mai presenterte sin pent brukte Pioneer DVR-RT602H. Denne kunne til og med rippe kassettar til DVD eller harddisk! Når maskinen endeleg var på plass presenterte det seg fleire vegar til det endelege målet. Men først, la oss snakke litt om kva VHS er for noko.

VHS-kassetten: Betre enn sitt rykte?
Oss som er vekse opp ein gang mellom midten av 70-tallet og starten av 2000-tallet er godt kjent med videokassettar. VHS (Video Home System) er kanskje det mest kjente videokassettformatet, men mange vil nok òg hugse Betamax og kanskje til og med U-matic-kassettane. Lenge før strøymetenestene tok over stovene var det videokassetten som dominerte kvar ein filmkveld. Men frå 2005 hadde DVD’en for godt tatt over i dei tusen heimekinoanlegg, og VHS-kassetten døydde ein stille død fram til den gjekk heilt ut av produksjon i 2010.
Ein videokassett lagrar enkelt sagt informasjon på eit magnetisk band. Inne i maskinen blir bandet dratt over ein roterande trommel, som gjer det magnetiske mønsteret om til eit elektrisk signal, som igjen blir tolka og omforma til eit lyd- og videosignal som går ut til ein TV-skjerm. Eit bilete frå ein videokassett består ikkje av pikslar, slik me er vande med å snakke om i dag, men av 576 horisontale, samanfletta linjer. Oversett til dagens digitale terminologi kan ein seie at eit videosignal frå ein VHS-kassett har ei oppløysing på 576 vertikale pikslar. Ikkje akkurat «4K» altså, men nærmare «½K» om du vil. Dei var trass alt laga for ein standard som vart etablert på 1960-talet. Dette var i alle år «bra nok» den tida kasse-TVen framleis regjerte, men når ein ser nærmare på dei praktiske utfordringane formatet kan by på, ser ein at det kanskje var like greitt at andre format etter kvart tok over.
Skitten VHS
VHS-kassettar liker ikkje å bli skitne, men har likevel ein tendens til å la seg grise til. Ein allereie skitten kassett kan òg «smitte» andre kassettar med å leggje frå seg smuss inne i ein maskin. Samstundes er banda i videokassettane veldig gode på å tiltrekke seg mugg om dei ikkje vert oppbevart på høveleg vis. Innhaldet på bandet blir òg korrumpert om det blir utsett for magnetisme, så det er ikkje anbefalt å oppbevare videosamlinga og magnetsamlinga si tett på kvarandre. Magnetbandet i ein videokassett er heller ikkje laga for å vare i all æve, då dette trass alt først og fremst vart selt som forbruksvare. Sjølv om ein kassett berre står ubrukt på ei hylle vil materialet i bandet sakte men sikkert bli utsett for materialtrøytte fram til det meir eller mindre går i oppløysing. Om ein har videokassettar for hand med potensielt verneverdig innhald er altså tida for å ta digitale tryggingskopiar alltid «så snart som det lar seg gjere».

Dette er ikkje for å seie at VHS-en berre hadde svake sider. På 90-talet blei maskinar og kassettar med Hi-Fi-lyd lansert. Lydkvaliteten kom då på eit nivå tilsvarande lydkvaliteten til CD, noko som ein ikkje skal kimse av! Det må òg nemnast at det faktisk blei lansert ein type videokassett som kunne vise video i full HD (D-VHS) på starten av 2000-talet, men på grunn av mellom anna vanvitige prisar og konkurranse frå DVD og etter kvart Blu-ray var dette ingen stor suksess.

Digitalisering av video på «gamlemåten»
Fram til nyleg har det vore relativt få alternativ om ein skal digitalisere videokassettane sine sjølv utan å tømme bankkontoen. Det vanlegaste alternativet mange går for er eit sokalla capture card ein brukar til å kople VHS-spelaren sin til ein datamaskin og ta opp videosignalet. Dette er heilt ok for kven som helst med avgrensa datakunnskap og som berre vil gjere videoopptaka sine meir tilgjengelege. Men denne metoden gjer deg enkelt sagt berre eit «avtrykk» av informasjonen (videoen) som er lagra på kassetten din. Som nemnt over reiser informasjonen eit stykke mellom ein videokassett og ein TV. På vegen frå videobandet blir informasjonen som er lagra der tolka, behandla og forvrengt av dei forskjellige komponentane i videospelaren din. Kvaliteten på det som kjem ut av SCART-, RCA- eller kanskje til og med DIN-kabelen din er avhengig av at alle komponentane i kassettspelaren er i orden.
Kort sagt: For å i det heile tatt sitje igjen med ein digitalisert video som ikkje ser heilt «grautete» ut må du først ha rett type maskin, som helst er «box fresh» eller nøysamt haldt ved like gjennom åra. I og med at mangt ein kassettspelar i norske heimar har fått ganske røff behandling (eg meiner å ha høyrt at ein kompis av meg stappa ei skive med leverpostei inn i foreldra sin videospelar som barn), så seier det seg sjølv at den maskinvara som framleis funkar etter 20-40 år kan bli ei ganske heftig investering på bruktmarknaden. Heller då er du ikkje garantert eit brukbart resultat, og for eit så godt som mogeleg resultat er det framleis endå meir dedikert maskinvare som må inn i miksen.
Redninga: RF-archival og VHS-decode
Når me først skulle gjere jobben sjølv var det første steget å lese seg opp på prosessen og søke råd hjå erfarne fjellfolk. Ein engelsk kar med namnet Harry dukka stadig opp i ymse forum-trådar og predikerte om eit prosjekt kalla VHS-decode, ei samling med open source-program som lova proffe resultat for ein brøkdel av prisen, noko han gav grunn for med ei rikhaldig samling med nesten mistenkeleg gode eksempel. Denne metoden han snakka om krev ikkje at ein investerer i ein spesielt avansert VHS-spelar, då denne prosessen "hoppar over" all videoprosessering i sjølve maskinen og brukar programvare til å gjere dette med eit tapsfritt resultat, der all videoinformasjon frå kassetten er bevart i digital form. Det einaste som trengs for å kome i gang er ein lett modifisert, mekanisk stabil VHS-spelar, ein heilt vanleg datamaskin med Windows, Mac OS eller Linux i tillegg til litt ekstra maskinvare. Tida for dedikerte time base correctors og svindyre capture cards var over, meinte denne mystiske briten, og underteikna lét seg overtale. Ei tid seinare kom det ein liten pakke frå det store utland til biblioteket.

Prosessen, heilt enkelt
DomesdayDuplicator er ein liten dings som originalt er designa for å digitalisere signalet frå LaserDisc, og er ein av fleire typar maskinvare som òg kan brukast til å digitalisere andre videoformat som til dømes VHS. For å ta denne i bruk må me først gjere litt enkel modifisering av kassettspelaren vår.

Her ser du at den gamle Pioneer-maskinen til Ragnhild har fått ein ekstra leidning lodda fast på kretskortet på eit testpunkt med merkelappen «VIDEO ENV», som elles blir brukt under servicearbeid for å teste og kalibrere maskinen. Frå dette punktet fangar denne leidningen opp det analoge radiofrekvens (RF)-signalet frå videokassetten, og sender det så inn i DomesdayDuplicator, som igjen konverterer RF-signalet til digital data og lagrar det på ein datamaskin over USB med hjelp av dedikert programvare. Fila du får i denne prosessen er det næraste du kjem ei 1:1 digital gjengiving av videoinformasjonen som er på kassetten din, men ikkje i ein form du berre kan dobbeltklikke på og spele av. Dette dataet må me først køyre gjennom programmet VHS-decode, og etter ei lita stund har du ei fil som kan opnast i eit anna program som heiter ld-analyse. Her kan du faktisk sjå videodataen bilete for bilete, analysere videoen og t.d. gjere fargejusteringer. Vidare brukar me eit anna program som heier tbc-video-export, som til slutt gjer oss ei lossless videofil i FFV1/MKV-format. Og vipps, så er videoen vår gjort om til ei digital fil, som vidare kan gå gjennom post-prosessering, noko som er eit helt eige kapittel i seg sjølv.

Trollet Shrek openberrar seg på dataskjermen etter ei suksessfull skanning og dekoding.
Men kva med resultatet då?
Resultatet av digitaliseringsarbeidet kan du sjå på Fetsund bibliotek 20. februar og 27. februar på Frogner bibliotek. Vel møtt!